TORGET FRÅ A TIL Å

TEKST: EIRIK ULLTANG BIRKELAND | FOTO:NORD 2017

Alle leirar med respekt for seg sjølv har eit spennande hovudtorg, og Nord 2017 blir ikkje noko unntak. Enten du vil ha deg ein matbit, treng litt underhaldning eller berre vil ta livet litt med ro, er det dit du bør gå.

Mange har arbeidd lenge med alt frå utforming til planlegging av innhaldet på torget, og torgsjef Ellen Konstad kan love eit interaktivt torg som gjev deg ei ny oppleving kvar dag på leiren. – Dette gler vi oss til! seier ho. For å få mest mogleg ut av torget, kan det vere fint å vite kva du finn der, og kva som skjer der. Her er ein liten guide:

BIBLIOTEK

Landsleiren har òg eit bibliotek som byr på bøker, aviser og spel, og som skal vere ein stad du kan trekkje deg litt tilbake, ta ein liten pause, sitje i ro og fred åleine eller saman med andre. Der kan du drøyme deg vekk i ei bok eller ta med ei bok tilbake til teltet. Du finn biblioteket midt på torget.

KIOSK

Var du redd for ikkje å få tak i godis i Bodø? Ikkje ver redd – kiosken finn du på torget. Her blir det selt vanlege kioskvarer og andre ting som kan vere nyttige på leir.

LEIARKROA

Dette er staden å gå til når speidarane er på aktivitet, eller når dei har lagt seg. Her blir det litt servering og ei scene med underhaldning av mange forskjellige slag. Ikkje minst får du treft gamle og nye speidarvener frå fjern og nær!

LEIRKONTORET

Lurer du på noko eller treng hjelp til noko, er folka på leirkontoret dei som skal ha alle svara – eller: Dei veit iallfall kvar du kan finne svaret. Administrasjonsetaten har ansvar for leirkontoret.

SERVERINGSSTADER

Forsyningsetaten satsar stort på å få til gode serveringsstader med hjelp frå grupperingar rundt i landet og frå utlandet. Mange av serveringsstadene blir organisert rundt ein «Food Court», eit felles sitjeareal der ein kan kjøpe mat og drikke frå dei ulike serveringsstadene. Her presenterer vi dei:

Konditoriet

Fredrikstad krets skal drive sitt eige leirkonditori. Her vil du få gode og ferske bakevarer som er bakte på plassen. I tillegg blir det servert mellom anna god kaffi, is og vaflar. Kom og nyt!

Futurakafeen

Når vi er ferdige med Nord 2017, kan vi reise til Futura 2018, landsleiren til KFUK-KFUM-speiderne neste år. Dei vil gjerne presentere leiren sin og stiller derfor med eigen kafe i Bodø.

Innlandskebab

Kebab i innlandet er ikkje som kebab alle andre stader. Vestoppland krets stiller med medisterkake Alle leirar med respekt for seg sjølv har eit spennande hovudtorg, og Nord 2017 blir ikkje noko unntak. Enten du vil ha deg ein matbit, treng litt underhaldning eller berre vil ta livet litt med ro, er det dit du bør gå. 37 og lefse, ispedd ein god porsjon sjølvironi. Vi gler oss til å smake!

Jambo Burger

Den norske kontingenten til jamboreen i 2019 er i full gang med planlegginga. Vil du høyre om leiren, er det perfekt å ta turen til jamboreerestauranten. I tillegg til amerikanske burgarar vil dei servere spesialitetar frå dei to andre arrangørlanda, Canada og Mexico.

Regnbogekafeen

Speiding er ein fritidsaktivitet for alle, og det vil gjengen som står bak regnbogekafeen vise fram. Her blir det lagt spesielt vekt på å formidle kunnskap om LHBTI-rørsla, respekt og mangfald.

Smoothiebar

Kva får du viss du set saman mykje god, frisk frukt og ein sykkel? Jo, moglegheita til å sykle din eigen smoothie, sjølvsagt. Dette blir hovudkonseptet for smoothiebaren, men er du sliten i føtene etter mange dagars trasking på leir, kan du få smoothien din laga på meir tradisjonelt vis. Vi seier berre nam!

Sveitsisk mathus

Internasjonal mat er alltid spennande, og sveitsarane som kjem til Nord 2017, har mellom anna lyst til å servere oss fondue, diverse sveitsiske smårettar og god kaffi. Don’t miss the Swiss!!

Sør

Søringane kjem til Nord, og dei tek med seg sin eigen fastfoodrestaurant med rettar som pizza, pølse, burgar, kebab, is og drikke av ulike slag. Det er Follo krets som står bak Sør, og dei lovar god underhaldning om kveldane. Sør vil dele scene med leiarkroa.

SCENE

Torgscena er eit nytt og spennande konsept på Nord 2017. Kristin Juel Bergflødt, underhaldningssjef i kommunikasjonsetaten, har med seg ein gjeng som skal skape liv og røre her både på dagtid og kveldstid. – Dette er ikkje ei scene du berre skal sitje og sjå på, seier Kristin. – Vi vil at deltakarane skal vere med og ta del i aktivitetar som quiz, konkurransar og leikar. Det som skjer på scena, blir også direktesendt på nettet, slik at det er mogleg å høyre eller sjå det frå ein annan stad i leiren. Tysdag 4. juli blir det ein minifestival på torget. Då blir det små konsertar og underhaldning på torgscena. Underhaldningsgjengen ønskjer seg speidartalent av alle slag til denne festivalen, send ein e-post til info@nord2017.no om du har eit kult talent eller kjenner nokon som har det!

SPEIDER-SPORT

Ingen landsleir utan speidarbutikk, og Speider-sport blir større og betre enn nokon gong før. Her kan du få sjå mykje av varesortimentet av både turutstyr, leirutstyr og alle Nord-produkta. Du kan også få hjelp og rettleiing til å reparere ting som blir øydelagde i løpet av leiren. Svein Otto og Iver i Speidersport håpar på godt besøk.

SPEIDERMUSEET

Det er viktig å kjenne historia si, og det kan du få hjelp til av Speidermuseet. Dei som har vore innom denne engasjerte gjengen før, veit at det alltid er ei spennande utstilling å finne, saman med gode historier og god bakgrunnsinformasjon frå dei som held til der. Ein tur innom er å anbefale!